Eftirfarandi auglýsing barst fyrir skömmu.
þar sem krafist er tungumála kunnáttu verður þessi auglýsing ekki þýdd yfir á Íslensku.
1. Færingen Gjestegård (tidlegare Terråk Gjestegård) ligg midt i
Terråk sentrum med utsikt mot fjorden. (Terråk har 750-800 innbyggjarar, i
Bindal kommune er det 1650.) Gjestegarden blei bygd på 1970-talet, og
satsingsområdet var tyske fisketuristar. Eigaren dreiv staden fram til han
blei pensjonert. Så overtok dotter hans drifta saman med sambuaren sin.
Etter nokre år selde ho gjestegarden og flytta til Trondheim då det vart
slutt mellom henne og sambuaren. 3. Eit ektepar busett i Brønnøysund (2 t
nord for Terråk) kjøpte staden og arbeidde der ca 50% av tida. Halve tida
var dei i Brønnøysund og måtte leia arbeidskraft til drifta. Denne tida var
prega av uregelmessige opningstider og lite marknadsføring. Gjestegarden
gjekk konkurs vinteren/våren 2009, og eigarane ville gjera han om til
asylmottak.
2. Ei kronerulling vart starta, og bygdefolket kjøpte Terråk
Gjestegård. Eit styre vart oppnemnt og har fram til no drive
overnattingsdelen på dugnad.
Styret la ned mykje arbeid i planar om oppussing og fornying. Gjestegarden
vil få 4 suitar, 7 doble rom og 2 hytter med 6 senger i kvar. Det er
møterom, pub og kafé/restaurant.
3. Namnet vart endra til Færingen Gjestegård fordi me ynskjer fokus på
det maritime. Færing er ein type nordlandsbåt som har lange tradisjonar
langs Helgelandskysten. Styret håpar at oppussingsarbeidet blir ferdig til
sommarsesongen 2010. Stort sett alt innvendig blir oppgradert, og fasaden og
utearealet skal etter kvart også få eit løft. Ein ivrig dugnadsgjeng er i
gong med arbeidet. Me trur at gjestegarden blir veldig fin!
4. Styret og eigarane av gjestegarden har lagt ned mykje arbeid og pengar
for at bygdefolket og tilreisande skal få ein fin overnattings- og
serveringsstad. Alt arbeid føregår på dugnad. Den eller dei som får leiga
gjestegarden får gode vilkår. Me tenkjer ikkje på eigen profitt, men på å
vidareutvikla staden. Leigetakar betalar kun for faste utgifter i ein
overgangsperiode til drifta er oppe og går. Detaljar i leigekontrakten
utarbeider me i fellesskap.
5. Styret tek gjerne imot innspel frå leigetakar når det gjeld
oppussingsarbeidet.
6. Me arbeider med å laga nettsider.
Eg ville vera svært takksam om de kan bringa dette vidare, t. d. om de kunne
leggja det ut på nettsidene dykkar.
Me ynskjer helst folk med noko erfaring frå bransjen, og gjerne eit
(ekte)par. Gode språkkunnskapar er ein fordel.
Bindal kommune tilbyr etablerarpakke og har m.a.full barnehagedekning.
Folk som er interesserte kan venda seg til meg på e-post.
Bindal kommune sine nettsider finn ein på: http://www.bindal.kommune.no/
Mvh
Linda Plahte